Egoscue - funksjonell trening

Egoscue - funksjonell trening

09 mai 2018 19:45 - 10 mai 2018 20:45

(Lagre i kalender)

Skandinavisk yoga og meditasjonsskole

Egoscue – funksjonell trening onsdag kl 19.45-20.45 med start 9. mai. Kurset går over 4 uker på Kulturhuset USF, 4. etg. Hvis du er elev / student angi Student i rabattfeltet når du kommer til kassen og du får 20% rabatt på kurset. Lærer: Audhild.

Egoscue
Egoscue metoden er fysiske øvingar som ein kan finne igjen i yogatradisjonen, pilates og mange andre treningformer alt frå husmorgymnastikk til treningsopplegg for profesjonelle idrettsutøvarar. Det unike med denne metoden er måten øvelsane blir gjort på og satt saman.



Dei fleste av oss har sikkert lagt merke til at kroppen vår ikkje er heilt symmetrisk. Vi kan vere sterkare i høgre side av kroppen enn i venstre, eller vi kan vere stivare og ha meir vondt i den eine sida av kroppen. Det betyr at vi brukar høgre og venstre side av kroppen ulikt. Over tid kan dette gje ei endra kroppsholdning med slitasje og for stor belastning på musklar og skjelett. Ein kan sei at vi utviklar dysfunksjonar.

Egoscue øvingane vil over tid gje:
Redusert spenningar i muskulaturen
Meir aktivitet i tidligare «passiv» muskulatur
Smørjing av ledda
Etterkvart vil kroppen vende tilbake til ei god holdning og musklane jobbar meir på lag
Mindre smerter i kroppen
Kurset er for alle!
På dette kurset vil vi jobbe med dei lette begynner øvingane i denne metoden. Det betyr at du ikkje treng å vere trent og i god form. Du treng heller ikkje ha gått på yogakurs. Vi kjem til å jobbe med det same programmet kvar gong, men også nokre smakebitar på dei meir krevande Egosque øvingane. Timen vert avslutta nokre gode yogastillingar, pusteteknikkar eller avspenning, alt etter kor mykje tid vi har til det.

Påmelding: Klikk her