tirsdag, 15 november 2016 11:24

Dru yoga

Av:Ingvild Skodvin Prestegård ved Allmenningen Yoga

Dru yoga er karakterisert av mjuke, rolege og flytande rørsler og sekvensar, pranayama (pust), visualisering, mindfulness og meditasjon. Samstundes som utøvaren styrkar kjernemuskulatur, balanse og koordinasjon, opplev ho ei stille ro og harmoni, og får djup avslapping. Alle rørslene skal kjennast gode, og den individuelle kroppen set grensene. Ein arbeidar komfortabelt innanfor rørslerommet, og utvidar det sakte frå ein god stad.

Dru yoga er godt etablert i Storbritannia, Australia, Nederland og etter kvart i Tyskland, og førebels heilt nytt i Noreg. Det finst ein Dru yoga instruktør i Bergen. Dru vert ofte nytta til å finne ein betre balanse i livet, til stressmestring og forbetra ledd- og rygghelse. Sportsutøvarar nyttar Dru yoga til å førebygging av idrettsskadar og til rekonvalesens. Bedriftsyoga nyttast til førebygging av belastingsskadar og sjukdom, til auka trivsel og betre samarbeid og effektivitet på jobb. Svangerskapsyoga er særs populært til fødselsførebuing. Dru er ein av dei raskast veksande formar for yoga i Storbritannia, og høver for alle.

Dru yoga er ein kombinasjon av klassisk yoga, Tai Chi og Qi gong. Dru yoga har hovudsete i Wales, og feirar 40 årsjubileum i 2018. Dru er sanskrit for Nordstjerna, eller stillpunkt, og refererer til den stille kjensla ein får. Dru yoga er heilt unik, og må berre opplevast.